
– Nei, den mars’n e ‘kje noko stas, han e både sjet’n og blaut, sa di gamle før i vero. Trøysta får vera at månaden har med seg gilde vårteikn. At vinter-vernande gran-greiner er fjerna frå kommunale bed i meir og mindre sentrale strok av «Den vesle byen for det heilt store» (altså Stord) er såleis verd å føra inn i plussmargen.
Og då, er det berre å gleda seg til synet av fargerike blomar på toppen av moldbingane…
