Kari Veiteberg: Tru, håp og livsmot

Tida vår er prega av krigshandlingar, terror, mykje uro og uvisse. Mange strevar med å finna eit fotfeste for livet sitt i desse utfordrande tidene. Så kva skal trua vera mot dette vanskelege bakteppet?

Tysdag, 17. mars klokka 1830 på Stord folkebibliotek, tek Kari Veiteberg oss med inn i si verd av tru og von, i alle dei små og store uttrykka for trua, og ikkje minst korleis dette kan lyfta oss opp i kvardagen og inn i livet.

«Tru handlar òg om dei praktiske og sanselege sidene ved kristentrua», seierho. «Det er noko eg gjer – eg tenner lys, nynnar til salmar, feirar høgtider – ofte saman med andre». Ho inviterer ikkje til ei himmelferd opp i det abstrakte, men held seg i det heilt konkrete: Kyrkjehuset, lystenninga og bøna, gudstenesta, årsrytmen og rituala.
 
Kari Veiteberg vil vera vel kjend for dei fleste på Stord: Bymisjonsprest, biskop i Oslo, forfattar, aktivist – og oppvaksen på Rommetveit.
 
Det vert høve til spørsmål og ordskifte.

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek og billetten kostar 150 kroner. Billettar kjøper ein ved inngangen – med Vipps eller kontantar.
 
Kyrkjeakademiet.