
Havregrynsteinen ved Møllebruo og to møllesteinar plasserte på Rommetveit, vart tema då årsmøtet i Stord Sogelag drøfta moglege arbeidsoppgåver framover. Kring nemnde to kulturminne var det semje om at styret tek synfaring før vidare engasjement i saka.
Årsmøtet vart halde 9. mars på Sunnhordland Museum og frammøtet var godt. Årsmeldinga for 2025 stadfeste at laget har lagt bak seg eit nytt aktivt år, med overskot i rekneskapen Gjennom året vart det invitert til fire informative «rusleturar i nærmiljøet»: – til Børtveit, til fjellgarden Sæterbø i Fitjar, til verven på Jensanes og til Ås/Åsringen i Leirvik.

Det blir nye slike turar i år, den første er planlagt i april og vil gje innsyn i arbeidet til historiegruppa på Kjøtteinen og til småbruka som ein gong låg kring verftsområdet.
Odd Stuve Rommetveit vart attvald til leiar og med seg i styret har han som faste medlemer: Gunnar Strand, Egil Haraldsen, Inge Øpstad og Åse Stautland. Varamedlemer: Eddie Flatås og Gerd Langeland.
Ref.
