Kan igjen bli «hol» i Huglo ferjekai

Øystein Huglen er leiar i Huglo Bygdalag som har sendt «bønebrev» til kaieigar Vestland fylke om å fylla i der det dårlege tredekket skal fjernast. (Foto: Steinar Hystad)

Vestland fylkeskommune kunngjorde nyleg investeringsliste for ferjekaiar som skal fornyast og oppgraderast  i nær framtid. På Huglo vart lista studert med største interesse, etter at tre-delen av ferjekaien der  for to år sidan vart funnen i dårleg stand og stengt for bruk med mur og gjerde.

Då kaien vart bygt  på tampen av 1960-talet, vart det det eit  «hol» direkte til sjø langs store deler av liggjekaien. Med dugnadsarbeid vart trekaien seinare laga til og vart eit greit bidrag til området. Etter stenginga har bygdalaget tilskrive fylkeskommunen med sterkt opprop om å  fylla i og alle helst få lagt eit betongdekke som kan gjera kaiareal et romslegare.  Det kan trengast, biltrafikken har auka monleg sidan øya fekk ferjestø for snart 60 år sidan.

-Ikkje forsvarleg
Stordront.no har stilt leiaren for Vedlikehald bru og kai i fylkeskommunen, Jorunn Hillestad Sekse,  spørsmål etter at lista vart presentert:  

– Huglo-kaien er ikkje på nyaste  investeringslista,  kunngjort på  fylket sine nettsider 5. mars i år. Er det likevel von om utbetring i  nær framtid? Kva er i så fall planane?

– Nordhuglo ferjekai er ikkje på lista over kaiar som skal prioriterast inn mot ny ferjekontrakt i 2030. Sjølv om delar av indre tilleggskai er i dårleg forfatning har dette liten betyding for sjølve ferjedrifta. Det vil bli utført vedlikehaldstiltak på kaien ved behov.

– Tredekket er i dårleg forfatning og det er ikkje forsvarleg å nytta dette dekket slik det står i dag. Dekke hindrar tilkomst til delar av kaien som ligg under dekket, og det er ynskjeleg for oss å få tilbake den tilkomsten. Vi planlegg difor å fjerne tredekket og sette opp sikring mot opninga som vert når tredekket vert fjerna. Tiltaket vert sett i gong så fort vi har fått på plass alle avklaringar, og seinast innan sommarferien!, skriv Hillestad Sekse

– Me kan ikkje gi opp
Øystein Huglen er leiar  i bygdalaget og mottek informasjonen frå  kai-eigaren med undring.   Å få attende eit «hol» mot sjøen er absolutt ikkje det  ferjekaien  treng. – Me kan ikkje gje opp ønskje om  skikkeleg kai og vil  igjen ta tilhøva opp med fylket, og kommunen i vona om å få hjelp og støtte derfrå,