Den som ventar på Hordfast – ventar kanskje forgjeves?

E39-utviding frå Skotet mot Engevik pågår. (Foto: Steinar Hystad)

– Enno mange år vil trafikken gå langs og på Langenuen – ikkje over eller under.»

Sitatet er henta frå boka «Langenuen var hovudvegen», utgjeven i 2010. Avsluttande kapittel omhandlar framtidsplanar for raskare og ferjefritt samband frå Stavanger til Bergen, over Stord og Tysnes. Prosjektet blir i notid omtalt som Hordfast, med stadige diskusjonar om kvar dei mange milliardar som trengst skal føra vegen, tunnelar og bruene vidare.

I 2010 var håpet at prosjektet kunne finna prioritet plass i Norsk Transportplan for perioden 2013-2025. Det skjedde ikkje, og uvissa rår. Men det skjer ting langs E39 som lett kan svinga tankane inn på endå lengre horisont for gjennomføring av Hordfast. Ein køyretur på E39 frå Sandvikvåg mot Arsvågen (og Haugesund) viser fleire større inngrep langs den viktige samferdsleåra.

Den krappe svingen i Levåg skal «rettast opp», frå strekket frå Engevik mot Skotet og i krysset til Færøysund blir det arbeidd med utviding og vonleg gang/sykkelveg og då nærmar det seg tryggare veg langs heile austsida av
Stordøy. På begge sider av Førde er E39 oppgradert, det same er i gang mot Haukås.

Positivt at ting skjer langs vegen, og samstundes spennande om dette er med på skyva Hordfast endå lenger framføre oss?