Fitjar-venskap med ein av dei eldste byar i England

Frå Rådhuset i Fitjar er det send signert venskapsavtale til byen Malmesbury sør vest i England. (Foto: Steinar Hystad)

21.februar i år signerte Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll «Avtale om etablering av venskaplege relasjonar og samarbeid» mellom byen Malmesbury i England og Fitjar kommune i Noreg. Av avtalen går det fram at partane er
samde om: – «Å styrkja venskap, samarbeid, informasjonsutveksling og deling av erfaringar, som kan bidra til større forståing av dei historiske sambanda mellom dei to styresmaktene og lokalsamfunna deira».

Ein kikk innom Wikipedia’en stadfestar på fleire vis at Fitjar har gjort eit interessant venskapsval. Malmesbury ligg sørvest i England og blir omtalt som ein av dei eldste byar i landet , med ei rik soge hundrevis av år attende – akkurat som kommunen nord på Stordøy. Malmesbury har om lag 6000 innbyggjarar og blir omtalt som ein perfekt stad å bu.