
I førti år har musikklina ved Stord vidaregåande skule hatt tradisjon med å by på ei storframsyning kvart tredje år.
Og denne gongen tenkte dei heilt nytt ved å setja opp musikalen «Blodsbrør» (Blood brothers) av Willy Russel.
Å få vera med i ei framsyning av dette kaliberet som «Blodsbrør» er, må vera både samlande, engasjerande og ein stor og viktig del av musikklinjer til dei som har teke denne utdanningsretninga på vidaregåande. Elevane er ikkje berre med på å spele musikk, teater, sang og dans på scena, dei har stått for nesten alt av scenografi / plakat / PR / kostyme / sminke samstundes som dei har rollar på scenen og i orkesteret.
Då det kom forslag om å kutte musikklina ved Stord vgs for nokre år sidan skapa det eit enormt engasjement for å bevare tilbodet. Og takk og lov så blei lina bevart. Noko me som var så heldige å få oppleva «Blodsbrør» i helga er svært takksame for.
Musikklina leverte i alle ledd, med ungdomeleg energi og speleglede til tusen som den raude tråden i den sterke historia om tvillingbrørne Mikky og Eddy. Framifrå skodespel, song og musikk frå dei talentfulle unge, med kunnig veiledning frå dei dyktige vaksne som er knytt til musikklinja. Dette gav verkeleg utslag gjennom historia som vart formidla så vakkert, sterkt og flott gjennom solide to timar i Storsalen i Kulturhuset.
Tårer i augo hos mange og ståande applaus, så vel fortent.
Takk for «Blodsbrør»-oppsetjinga, og lenge leve musikklinja!
– LHy –
