
Bos-spann, bos-korg, bos-dunk. Namna er så ymse, men jobben er den same: nemleg å imot ispapir, kubba sneipar og anna smårask og rusk frå godtfolk på veg til og frå Stord kulturhus. Om ikkje tøming har skjedd fort nok, har det tidvis vore problem med aktive fuglar på matjakt, som har nebba til seg restar og i same operasjonen drege ut massevis av papir. Og annan matemballasje. Ei forsøpling det no bli slutt på, då dei nye dunkane ved vår kulturelle storstove er utstyrt med luke som stenger boset inne.
Absolutt eit nyhende å notera i plussmargen, meiner Stordront.no.
