Skiftar vassrøyr

Vassleidningen langs Kjøtteinsbakken blir no skifta. (Foto: Steinar Hystad)

– I den store vass-samanhang er det nok å rekna som eit mindre prosjekt, men likevel viktig i arbeid med i sikra vassforsyninga til Thon senter og til Leirvik, seier Karl Ove Larsen til Stordront.no Han er prosjektleiar i Stord VA og følgjer i desse dagar opp jobben med å skifta vassleidningen som ligg langs Kjøtteinsvegen frå krysset ved Almås
Hotel og ned Kjøtteinsbakken mot senteret. Engelsen anlegg har den praktiske bit av oppdraget, som også inneber reinsing av vegskuldre for å få litt breiare vegbane.