Ved Sævegen i 30 år

«Posthuset» har i år stått 30 år ved Sævegen. (Foto: Steinar Hystad)

«Stord Posthus – oppført 1992-1993», står det på skiltet ved inngangspartiet til det særmerkte teglsteinsbygget vis-a-vis «Esso’en» ved Sævegen.  Dei som har vore pensjonistar nokre år vil minnast postkontor i Frugårdsbygget i Borggata, og Telebygget, før eige hus for posthandtering og administrering av postdistriktet sør i Hordaland vart reist på nedre del av fengselstomta – ved Sentrumsgården.

Omleggingar har kome til og det vart berre nokre års full drift for posten i nybygget. Over lengre tid no har det vore sorteringssentral for post på Heiane. «Posthuset» er no privateigd og siste innflyttar er Stord kyrkjekontor.

Huset er teikna av Arkitekt  Holmedal og Husum AS, med Statsbygg som byggherre.