Her kan du få deg rimeleg tomt

Sigurd Huglen peikar mot den nyslegne tomten bygdalaget no vil selja. (Foto: Steinar Hystad)

Eit passeleg diskoskast opp frå  ferjekaien og butikken på Nordhuglo, ligg eit nyslått tomteland klart for sal. – Eit rimleg tomteland må me vel kunna påstå,  om areal på  ca 1,7 mål til samla pris av 400.000 kroner. Så stort at det også kan delast i to tomter. Området er regulert for bustad og vatn og avløp ligg inn til grensa.  Altså ligg alt teknisk til rette, opplyser  Sigurd Huglen. 

Han er leiar i Huglo Bygdalag, som for ein del år sidan kjøpte tomtelandet som ein lekk i arbeidet med å auka folketalet på øya.

– Den gongen i eit samarbeid med kommunen, som gjekk på reising av  bustad for  familie som ønskte prøva seg som fastbuande på Huglo ei tid. Så kunne huskjøp seinare drøftast.  Det gjekk ikkje heilt som tenkt, og no har me funne at beste løysing er å selja  eigedomen og investera midlane  i vedlikehald og drift av tidlegare skulebygget – som er blitt allbrukshuset vårt, seier Huglen.