Ettermiddagskonsert med Lukas Zabulionis Trio

Lukas Zabulionis Trio

Laurdag komande klokka 15, spelar Lukas Zabulionis Trio ettermiddagskonsert på Stord Hotell melder Stoird Jazzklubb på sine heimesider. Om trioen skriv dei:

Lukas Zabulionis er ein norsk-litauisk saksofonist og komponist, som trass sin unge alder allereie har blitt omtalt som eit av Noregs mest spanande saksofonist-talent. Zabulionis er født i Litauen og vaks opp i Sandefjord. Debutalbumet hans, Changing Tides (2016), fekk svært gode meldingar både frå jazzmiljøet i Noreg, kritikarar og publikum.

Zabulionis har opp igjennom åra vorte kjend for ein velklingande og skjør, men også ein meir energisk saksofon-tone. Trioen skriv sjølv at dei spelar stemningsfull og lågmælt jazz. Dei tar krafta i tonen på alvor og har eit ønskje om å dela gode vibrasjonar. Bak tangentane i denne trioen sit lyrikaren og virtuosen Philip Edwards Granly og
med heile fargepaletten til rådvelde, overraskar han bestandig med smakfullt krydra klangar. Med kontrabass-piggen solid festa i golvet og med ei urokkelig fast haldning, dannar Andreas Svabø lydteppet som alle svever av garde på.

Lukas Zabulionis Trio:
Lukas Zabulionis – saksofon
Philip Edwards Granly – piano
Andreas Svabø – bass