Cruise- og andre Vikjo-gjester må framleis «halda» seg

Også cruisegjestene melde sakn av offentleg toalett på Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

Inn på Maritimt museum kom eit ektepar på hastig innsteg, og spør småtrippande om det mogleg med toalettbesøk.

– Ja, døra er der borte, versågod, peika verten. Cruisegjesten takka og melde om tilstand tett oppunder «fare på ferde».

Museumsfolket merka godt at det er mangel på offentleg toalett i Leirvik sentrum. Det kom mange spørsmål  frå cruisegjester  dagane  då folketalet  brått auka med fleire tusen.

Om ikkje toalett har vore ei valkampsak i haust, så skal me ikkje lenger tilbake enn til maimøtet i Utval for oppvekst og kultur, der  Geir Angeltveit (V) hadde tre aktuelle spørsmål om saknet av  off toalett.  Det gjekk slik:

Spørsmål 1: Korleis gjekk forhandlingane med drosjane?
Svar: Me hadde samtalar med drosjenæringa, men det var ikkje aktuelt for dei å ha offentlege toalett i sine lokale.

Spørsmål 2 Fekk ein vurdert innkjøp av heilautomatiske offentleg toalett?
Svar: Det er i «byromstrategien» planlagt å byggja offentlege toalett i det nye bygget på torget. Kva type toalett det blir (heilautomatiske, eller vanlege) er ikkje vurdert enno, men dersom det skal byggjast toalett, må det løyvast ekstra midlar til drift av desse.

Spørsmål 3: Kan kommunen mogeleg ha (i det aller minste) tilgjengeleg nokre festivaltoalett til å setta ut i helger/særskilde arrangement?
Svar: Kommunen har ikkje midlar til å investera i festivaltoalett.