Nokre bøtter betong er alt som trengst

Rampen er i brattaste laget, slik han er no. (Foto: Steinar Hystad)

Når Hans Hauan skal opp rampen  mellom Notahaugskaien og Gjestehamna/Evjo  med el-bilen sin, må han vera  nøye med å treffa rett innkøyringsspor.  Om ikkje blir det for bratt.  I ein rapport  kring den universelle tilstand for  hamnepromenaden i Leirvik, er  vinkelen på betong- rampen omtalt som eit ømt punkt. Det er for bratt.

– Eit varmt ønskje frå oss med rullande framkomst, er at nokre bøtter betong blir investert i å gjera rampen  litt lenger, noko slakare og såleis enklare å bruka, oppmodar Hauan.