
Det renn på med budsjettspørsmål etter at kommunedirektøren la fram forslag til pengebruk for 2027. Eks-ordførar Espeland (Ap) innleiar si spørsmålsrekkje slik:
- Kva vurderer kommunedirektøren er dei største risikoane i budsjett for 2027?
- I oktober 2024 la kommunedirektøren fram ei sak der Multiconsult kalkulerte pris for ny sjukeheim med 110 plassar til 1,03 mrd. kroner og Knutsaåsen til 678 mill. kr. I framlagt budsjett legg kommunedirektøren imidlertid til grunn at ny sjukeheim med 120 plassar i Tjødnalio vil kosta 1,08 mrd. kroner og tidl. planlagt utviding på Knutsaåsen vil kosta over 800 mill. kr. Kva byggjer det på?
- Det er lagt til grunn 6,1 mill kr i innsparing på ferievikarar som følgje av overgang til årsturnus. Korleis skal det heilt konkret gå føre seg?»
Svar er å venta i kommunestyret sitt budsjettmøte komande vek
