Låg arbeidsløyse vedvarer

I august månad blei det registrert 1,1 prosentpoeng arbeidsløyse i Sunnhordland, noko som tilsvarer 336 personar. Dette er likt i prosentpoeng som i juli, men noko ned i tal personar då talet i juli var 349 ledige.

Sunnhordland ligg fortsatt lågare enn Vestland og landet elles når det kjem til arbeidsløyse. For Vestland er talet 1,7 prosentpoeng og for landet er talet 2,1 prosentpoeng. Både for Vestland og landet elles er talet høgare enn for juli månad på nav.no

-Ei auke i arbeidsløysa i august månad samanlikna med tidlegare månader er ein normal sesongvariasjon. At arbeidsløysa i Sunnhordland held seg likt i august som i juli tyder på at det fortsatt er store behov for arbeidskraft i regionen sjølv om me veit det at det vil komme endringar i arbeidsmarknaden i framtida, seier Håvard Lægreid regionleiar i Nav i Sunnhordland.

I august vart det registrert 241 ledige stillingar i regionen, noko som er 2 prosent meir enn same månad i fjor. Bransjen med flest utlyste stillingar er igjen innan helse, pleie og omsorg med 72 stillingar. Dette er omtrent det same nivået som same månad i fjor. Barne- og ungdomsarbeid er det feltet med størst auke samanlikna med same månad som i fjor, med ein auke på heile 260 prosentpoeng.

I august er arbeidsløysa lågast i Kvinnherad og Tysnes kommune, med 0,9 prosentpoeng. Deretter følger Stord med 1 prosentpoeng, Sveio med 1,1 prosentpoeng, medan Bømlo og Fitjar har 1,2 prosentpoeng.

Omverdsanalyse 2026

Denne veka kom Nav sin omverdsanalyse for Sunnhordland for 2026. Hovudtrekka i omverdsanalysa viser at det er venta ein liten nedgang i folketalet den neste ti-års perioden, og at Sunnhordland generelt har lite fattigdom, men jamt høg del i utanforskap samanlikna med resten av fylket.

-Omverdsanalysa gir oss ei oversikt over situasjon og utvikling i regionen på område som har påverknad på korleis blant anna me i Nav skal løyse oppgåvene. Den stemmer og godt med det bildet me har sitt det siste året med at det i Sunnhordland har ein særleg stramt arbeidsmarknad og bedrifter har utfordringar med å rekruttere, fortel Lægreid.

At arbeidsmarknaden er stram betyr at det er fleire ledige stillingar enn arbeidssøkarar, og det er innan helse, pleie og omsorg det er strammast.

Omverdsanalysa peiker og på ein redusert optimisme og lågare forventingar i tida framover for næringslivet.

-Det er ikkje overraskande at forventningane er lågare samanlikna med tidlegare all den tid me veit at det blir ei endring i arbeidsmaknaden i regionen, noko som heng saman med aktiviteten i verftsindustrien, seier Lægreid.

Nav vil presentere omverdsanalysa til næringslivet under eit digitalt frukostmøte fredag 4. september. Dei som ønsker å følgje presentasjonen kan melde seg på via kursoversikta til Nav på nav.no/kursoversikt.