Her skal det rydjast

Murane på Gildeskålbakken blir vonleg å sjå igjen. (Foto: Steinar Hystad)

Dei som ivrar for lokalsoga og dei mange som går tur langs Ådlandsvassdraget, eller  i Hystadmarkjo, får eit ønskje  oppfylt i løpet av komande veker, melder  kulturrådgjevar i Stord kommune, Ragnhild Tveit. I melding til Stordront,no skriv ho;

– Eg las artikkelen om at det er overgrodd på Gildeskålbakken. Det er godt de er på saka! Etter planen skal det faktisk vera skjøtsel fleire stadar under kulturverndagane.

10. september møter 5. trinn på Hystad og Rommetveit skular arkeologar frå fylkeskommunen. 5. klassen på Hystad deler seg i to, ein gjeng skjøttar Gildeskålbakken og andre delen i Valevågen (gravhaug). 5. klasse på Rommetveit får arkeologane på vitjing seinare på føremiddagen og skjøttar kulturminne på høgskuleområdet.