Tok med seg heile «installasjonen»

På veg til matestasjonen med ny forsyning meiseboller blei matfar brått lang i fjeset», som ein gjerne seier når ein blir sterkt overraska. Mateapparatet var forsvunne og spørsmålet var naturlegvis kva som no hadde skjedd, kven som no hadde vore på ferde?. Etter nokre minutt søking i lendet, vart mataren funne i eit buskas 20 meter frå sin faste plass. Kan det vera rimeleg greitt å tru at ei ekstra svolten skjor eller kråke har reist avgarde med «heile stasen» , spør tipsaren.