Niks parkering her, seier skiltet

Forbodskilt på begge sider av vegen fortel kva som IKKJE er lov her. (Foto: Steinar Hystad)

– Skilt i raudt og blått fortel klart og tydeløeg at det ikkje er lov å parkere der, likevel har det hendt eg har telt 0 bilar langs plenstykket. Dette er utsegn frå gåande brukar av Sævegen på strekningen frå den store (og på dagtid normalt fullsette) parkeringsplassen og vidare oppover i Sæ.

Det er når han kjem til arealet ovanfor p-plassen han undrar seg, for der står det ofte bilar dagen lang, trass forbodskilt på begge sider av vegen. 600 kroner er det nette sum «det offentlege» kan forlanga i bot for denne
typen feilparkering, om me skjønar regelverket rett.