Ny «pølse» er i vinden

Stordbrua er oppgradert – og har fått ny vindpølse på Digernessida. (Foto: Steinar Hystad)

Kanskje ikkje mellom dei store nyhenda, men så absolutt verda å nemna med bilete, sidan Stordront.no opp til fleire gonger gjennom vinter og vår har vist foto av restane av ei flussete vindpølse på Stordbrua. Ved fleire høve vart det spurt om det snart skulle koma ei ny pølse til å fortelja vegfarande om vindstryke og vindretning i Digernessundet. Og no er ho altså på plass. Takk for det.