Mål krefter mot «Mesternes mester»

Under Storddøra kan du gjennom sommaren testa krefter i desse apparata. (Foto: Steinar Hystad)

Kor lenge klarar du halda to bøtter på strak arm? Kor lenger orkar du stå i halv knestilling? Kor lenger klarar du halda balansen ståande på ein fot?

Svaret på korleis du ligg ann med fysikken får dei som tek utfordringa og  prøver kreftene på «Mesternes mester»- øvingane det framover sommaren er lagt til rette for på Moloen, under Storddøra.  Apparata, som har stått til fri bruk fleire somrar, kom på plass no i helga i ytre delen av Onarheimsparken.

Når du har testa deg nesten tom for kreftar, kan du setja deg i kjempestolen  (hugs pute) på  molotuppen og kvila augo på hamnebyen Leirvik, på fle og på fjell. 

Lukke til.