Utan 150.000 ekstra – får graset gro i sommar

Frugarden Gravplass – kan få høgt gras i sommar. (Foto: Steinar Hystad)

– Det går mot sommar. Stord kyrkjeleg fellesråd sitt budsjett er, som kjent, så lågt at me ikkje kan tilsetja ungdomar i jobb på gravplassane denne sommaren. Konsekvensane av dette er at graset på gravplassane ikkje vil bli slått.

Sitatet er henta frå ein brev kyrkjeverja Liv Kari Bru nyleg har sendt kommuneleiinga og  politiske medlemer i  kyrkjeleg fellesråd. I samband med at inneverande års budsjett skal reviderast før ferien, ber kyrkjeverja om at rammetilskotet til kyrkja blir auka med 150 000 kroner. Det er summen som trengst for å kunna engasjera ungdommar til sommarjobb med stell av gravplassar. Midlane må løyvast ekstra.

I møte tidlegare i vår, der det vart kutta 230.000 nettopp på gravplassbudsjettet, vart det frå politisk leiing sett som føresetnad for nedskjeringa at ein kunne få sommarhjelp frå grønavdeling til gravplass-slått m.v. I ettertid viser dette seg vanskeleg å få til. Det vanlege har vore ekstrahjelp på gravplassane frå  medio mai til ut august.