– Mykje meir enn «cruise-kai»

Nattrutekaien har fått tilvekst, flytekaien er bygt på Tysnes. (Foto: Steinar Hystad)

Nattrutekaien har fått tilvekst i form av ein ca. 15 meter lang flytekai, og stordront spør hamnesjefen om føremålet. Er det «cruise-kaien» som er komen?

– Eit av bruksområda blir å ta imot cruiseturistar på ein trygg og god når dei kjem til  lands med tenderbåtane. Men det skjer jo ikkje så ofte, to gonger i år etter programmet. Så flytaren blir å bruka til vanleg kai for Leirvik for alt han er verd. Fritidsbåtar og arbeidsbåtar, såkalla «femten-metringar», har bruksrett og kaien har ope tilgjenge, opplyser hamnesjef Inge Espenes.

To store cruise-skip har  meldt Leirvik-besøk i sommar, 2. juni og 28. august.