– Kva kunne eg gjort for å hjelpa?

Skadd i høgre fot. (Foto: Steinar Hystad)

Det laga seg til med små dammar etter den særs velkomne «floabyo» søndag ettermiddag. I ein slik dam i den vesle sitjeparken inst i Sunnhordlandshopen i Leirvik hamn, var det me vart observante på ein skadd måke. Han stod midt i dammen på ein fot, med den skadde foten nedi vatnet. Verka som han kjølte til verkefoten sin. Etterpå fauk han til næraste murkant, landa veldig forsiktig – på ein fot.

Så prøve han setja begge føtene i  betongen, men trekt snart vondefoten opp att. Såg nærast ut som han var knekt.  Måken var skjerr, og la seg kvikt på vengene når me prøvde ta kontakt. I lufta vart vondefoten hengjande rett ned.

– Spørsmålet som straks melde seg hjå ein dyre- og fugleven, var: Kva gjer ein i slike tilfelle? Er det ein etat eller liknande å kontakta lokalt? Kva kunne eg gjort for å hjelpa måken som heilt tydleg hadde det vondt?

Har nokon svaret  – ver gild og send nokre ord til tips@stordront.no.