Kan mest ikkje bli betre?

Når denne vesle fredagshelsing blir slått inn pc`en, slår verleverandøren til med det dei fleste av oss har øvst på ønskjelista for tida:  ei solid regnbyge.  Dråpar som tilsaman kan bløyta jorda og gi trengande  væsketilførsle til alt som skal  gro frametter.  Treng sjølvsagt ikkje  regna meir enn ein dags tid, for jammen var det godt med solrike dagar på rekkje og rad.  Og temp i sjøen  så ein kunne kosa set uti . Kan mest ikkje bli betre i mai.

Nokre godord å ta med inn i helga:
Ein skal ikkje vassa lenger ut enn ein kjenner botnen
Ein skal ikkje fortelja til born, anna enn det ein vil høyra igjen
Ein skal ikkje by andre det ein sjølv ikkje vil ha
Ein skal ikkje kasta med glas når ein sit i murhus
Ein skal ikkje la sola gå ned over sin vrede

Og nokre ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan
Hiren = slapp
Homa = tafatt, fumla, stussa
Horva = høva, passa, gå an
Hutla = dela det ut i smått so det vert til liti sæla for alle
Hysja = jaga (t.d. sauene)