Rekordtidleg førsteslått

Graset blir slått på føremiddag, tørkar på bøen utetter dagen og blir pressa i rundballe til kvelds. (Foto: Steinar Hystad)

– Graset er høgt og kvaliteten er høg i tillegg til at veret er sæts lagleg for slåttonn, med både sol og vind. Altså fleire gode grunnar til at Albert Eikeland frå Sørhuglo Samdrift og dei andre mjølkebøndene på Huglo i desse dagar er finna i traktorsetet for å gjennomføra rekordtidleg førsteslått. I vêret som har lagt seg over regionen siste tida har veksten vore drivande god.

– Er nok 12-14 dagar før det som elles har vore «normalen» start på slått, seier Eikeland til Stordront.no.

Frå kyrne på dei tre bruka på Huglo, kjem alle mjølk produsert i Stord kommune – samla ein god million liter i året.