Minnemarkering på Hatland

Minnesteinen etter John Hatland på Hatland. (Foto: Mari Stenberg)

Måndag 27. mai klokka 13 skipar Stord sogelag til ei minnemarkering ved minnesteinen på Hatland, heilt i starten på Digernesvegen. 

Dette skjer ettersom det i desse dagar er 100 år sidan John Hatland vart fødd og 80 år sidan han vart avretta på Trandum ved slutten av siste verdskrig. Det vert fleire innslag i minnemarkeringa. Elevar frå Langeland skule deltar. Det vert kulturelle og musikalske innslag. Minnestunda er open for alle.

Minnesteinen vart avduka i 2002. Ordførar, iniativtakarar, Langeland Skule, Stord sogelag m. fl. var til stades.

Velkomne!

Stord Sogelag.