Ser berre «veggen»  av utsprungen bjørk

Usikt mot Frugarden Gravplass frå fortauet langs Tysevegen. (Foto: Steinar Hystad)

Frugarden gravplass er med si parkmessige utforming og det staslege klokketårnet eit fint syn. Eit syn som diverre blir meir og meir vanskeleg å få auga på, om ein ikkje har direkte ærend innom portane. Ferdast ein  langs/på Ådlandsvegen eller Tysevegen, hadde ein tidlegare innsyn til gravplassen med sine gangvegar og mange vakre tre. Eit innsyn som no er sperra av ein veksande vegg av lauvrike bjørker. 

Kommunen har for lengst kjøpt eigedomen, som er på veg til å blik skogsområde, med tanke på neste byggjesteg av gravplassen. Utviding av Frugarden gravplass er på investeringslista i 2026. Innan den tid vil bjørkeskogen vera utriveleg høg på staden – og spørsmålet er om ein «operasjon buskmann» kan bli gjennomført også her før me kjem så langt i kalenderen.

No må ein innom portane for å sjå den parkmessige utforminga av Frugarden Gravplass. Ny skog stengjer for innsyn frå utsida. (Foto: Steinar Hystad)