Trott-tribune med tak – einaste på Stord

Tribune med tak på plass  i Nordbygdo. (Foto: Steinar Hystad)

Stord har ein heil del fotballbanar å by på, dei fleste med tribune (av ymsande kvalitet), men berre ein av desse er det tak over. Den er nyreist og står klar til å ta imot publikum og ausande vestlandsver ved nyaste Trott-banen, ved Nordbygdo fleirbrukshall. Heilt klare blir publikumsfasilitetane når det nærmar seg ferietida, innan så skjer skal det  monterast nokre hundre stolar og innreiast kiosk under taket. Ein del av arbeidet blir gjort på dugnad, støyping og reisverk er sett opp av byggjefirma. Investeringa i moderne tribune, tek IL Trott på «eiga kappe», får Stordront.no opplyst.