Får Borggata ny lyspåle til 17.mai ?

Ingen pryd for Borggata – og fredag er det 17.mai med mange tusen festkledde i sentrum. (Foto: Steinar Hystad)

Lyspålen utfor «bokhandlarbygget» i Borggata vart bøygd  og stod farleg skeiv etter ei hending julehelga i fjor, for snart fem månader sidan.

Etter ei stund i halvt liggjande, halvt ståande, stilling – vart øvre del av pålen fjerna. Nedre del har sidan stått åleine att.  Då Stordront.no tidlegare i vår spurde kvar som var planen vidare, vart det frå kommunalt hald opplyst at pålen skulle skiftst, men ein måtte venta til  telen hadde gått ut av grunnen då det måtte gravast. Sidan har ingen ting skjedd med pålebiten, som på ingen måte pyntar opp i gatebiletet.

Med tanke på  føreståande 17.-maifeiring (på fredag) og ein tradisjonsrik, folkerik ettermiddag i  hovudgata vår –  er det eit brennande ønskje om at  ny påle kjem på plass innan borgartoget er klart for avgang.