Eit løvetann-år?

Motiv frå ei innmark på Stord søndag ettermiddag. (Foto: Steinar Hystad)

Blømer frå april til juli og  alt på planten er etande. Det er kortversjonen av generell informasjon kring  dei «tusen millionar»  løvetann som set sitt preg på vegskuldre, plenar, breiteområde og slåtteeng for tida. Og det i slike mengder at me får kjensle av å vandra rundt i eit løvetann-år (noko me truleg gjorde i fjor på desse tider også). Når så den verstyrande i tillegg vartar opp med maisol frå nokolunde skyfri  himmelkvelv, ja då blir det gulfarga dagar både oppe og nede. Berre å nyta.