Etterlyser skilt med vegnamn

Lauvåsvegen er tilførsla til sørlegaste bruka på Huglo. (Foto: Steinar Hystad)

– Sjølv på Huglo går det ann å køyra feil, skilt med vegnamn vil vera til hjelp.

Dette skriv Huglo Bygdelag i brev til vegmyndet i Stord kommune. Bygdelaget er kjent med at  slike namneskilt er  eit kommunalt ansvar og har lista opp 12 lokalvegar av ymsande lengde som bør bli skilta. I krysset ved skulen/bedehuset er endepunkta på dei ni kilometrane med fylkesveg på øya skilta av vegeigar Vestland fylke. Dette gjeld Haukanes, Brandvik og Tveit.

Huglo Bygdalag ber om  namneskilt  for følgjande vegar: Nordhuglo, Granlio, Berrføttevegen, Hommandevegen, Luradalen, Røssbø, Stora Brandvik, Haukanesvegen, Sørhuglo, Lauvåsvegen og Tveit.