Gøyal løps-PR

Laurdag føremiddag arrangerer  elevane ved Stord Folkehøgskule sitt årlege fargeløp i Leirvik sentrum.  For ein høvande pengesum kan store og små springa så mange rundar dei orkar rundt skulekvartalet. Det skal vera eit løp å bli farga av, difor er kvit T-skjorte tilrådd som passande  drakt. Innkoma frå arrangementet  blir delt mellom  Leger utan grense og lokallaget for Mental helse.  

Fram mot start  er  20 vindauge i  skuleinternatet (tidlegare Grand Hotell) gøyal arena for fargerikt PR-framstøyt for eit triveleg og nyttig innslag i byen.