Sti – eller ser det berre slik ut?

«Sporet» etter sti/veg er godt synleg oppover fjellsida. Men er det det me ser? (Foto: Steinar Hystad)

Den  ganske så nye muren på sjøsida av  gang- og sykkelvegen gjennom Uføro, er lett å sjå frå hi sida av Langenuen. Det same er oppdrettanlegget nedfor brattberga. Det er når blikket blir retta oppover fjellsida mot Stegane spørsmålet melder seg. I lendet over Uføretunnelen kan det virka som det stig ein slags veg/sti oppover mot Ravnaskukkjen. Eller Middagsskaret – om ved til  koplingspunktet for kraftlinene som kjem frå Tysnes.

Spørsmålet blir: – Går det ein slags veg eller sti langs fjellsida over Uføro, eller ser det berre slik ut. Har nokon svaret, ver gild og send nokre ord til  tips@Stordront.no.