Quiz-poetar på ein regnfull kveld

Prøven i fjor var vellukka, i år var quiz og pizza stor suksess…

Deltakartalet passerte 130 då  Huglabutikken ønskte vel møtte til påskestart med spørsmål og pizza onsdag  kveld.  Pøsregnet møtte også fram i fleire millimeters  styrke, men hadde ikkje nokon som helst innverknad på stemningen under tette tak i pagoden og partyteltet. Quiz-meiterinne Kjersti Helland  leia  happeningen med stø røyst og  dei medverkande viste samla  god ålmennkunnskap og scora poeng til over  mykje godt pluss.  Siste oppgåva var  å skriva eit  kort dikt til/om Huglo,  og her vart mykje rørande godt lese opp.

Som desse liner  frå laget «Hugululu  United»:

Til øya ved Nuen går turen så lett
Av vårt vesle paradi blir me aldri mett
På Huglo har og får me alt som me treng
Særleg av slikt som ikkje kan betalast med peng…