– Ventar framleis på endeleg svar

Står framleis  ved fv 545 (Foto: Steinar Hystad)

Det er ikkje gjort i ei handavending å  endra på fartsgrenser . Berre spør  Harald Rydland, som i si  ordførartid i Fitjar fram til valet sist haust sende to grunngjevne søknader til  vegeigar Hordaland  Fylkeskommune om å få lågare fart på strekket Tveita-Årskog på Fv 545. Ein kortfatta søknaden først, utan å få medhald. Neste gong ein grundigare  søknaden  med gode argument for å  ta vekk nemnd 80-sone og la skilta for 60/kmt gjelda frå Rimbareid til  krysset på Rydland.

– Du seier noko, den siste søknaden har me visst ikkje fått svar på i det heile. No er eg i ein  annan posisjon i lokalpolitikken, men skal lova å etterlysa saka på komande møte i  «teknisk» utval, svarar Rydland når Stordront spør  kvifor  «opphevingsskilta» for 60-sona framleis står ved  fylkesvegen på Tveita og Årbø.