Lesarbrev: Om Verftsvegen

(Ill.foto: Steinar Hystad)

Eg las det Stordront.no skreiv om ovannemnde veg. I godkjent trafikksikringsplan ligg det krav om at heile Verftsvegen vert riksveg (delstrekning E 39).I høyringa kom det ingen merknader til dette,korkje frå Statens vegvesen eller Vestland fylkeskommune. Ein riksveg vil gje Staten totalansvaret for drift og vedlikehald. I dag er det to veghaldarar, ettersom kommunen har ansvaret for gang /sykkelvegen kor denne er skild med rekkverk mot vegbanen. Dersom vegen vert riksveg vil den vera forkjørsveg samstundes som ein trur det vil vera mogeleg å få til større og naudsynte tiltak i både Tveitakrysset og «Uvisskrysset».  Det er svært mykje trafikk til og frå næringsklynga og hamneanlegga på Eldøyane. Mykje av dette er tungtrafikk, også modulvogntog. Hamneanlegget  har betydeleg godsomslag, og er viktig i det nasjonale transportnettverket. 

For nokre år sidan, etter eit innspel frå ein stortingsrepresentant frå Rogaland fekk Husøyterminalen på Karmøy status som stamnetthamn og den kommunale tilkomstvegen vart oppgradert, og vart delstrekning E 134. Staten har såleis ansvaret for infrastrukturen som knyter hamnene til stamnettet. I samband med arbeidet med trafikksikringsplanen vart det tilrådd og spelt inn frå vår side at dei rette instansar burde ta eit initiativ for å få til ei liknande løysing for Eldøyane hamneanlegg som det dei oppnådde på Husøyterminalen.  

Helsing

Harald Oddvar Sæbø