– Vinn ikkje over alle saker som ligg på vent

Fitjar Rådhus (Ill. foto: Steinar Hystad)

I februarmøtet i Utval for plan og miljø, vart det opplyst at det i rådhuset i Fitjar ligg mange saker som ventar på behandling.

Dette kom fram i spørsmål og svar under ymse-posten. Der stilte representanten Bente Karin Isdahl (H) følgjande spørsmål:

–  Eg ynskjer ein uttale i møtet ang. status på sak om investering i nytt kunstgras. Ynskjer og at utvalet med administrasjon og kultursjef tar ei synfaring snarast mogeleg, for å sjå kor dårleg tilstanden på banen er.

Konstituert kommunedirektør John Karsten Raunholm hadde dette svaret å gi:

–  Denne saka har ikkje vore prioritert pga. stort arbeidspress. Administrasjonen har ikkje mogelegheit til å vinna over alle saken som ligg på vent. Det er eit ynskje frå kommunedirektøren si side å ha eit møte med politisk leiing der alle saker som ligg på vent vert vurderte – og det bør bli laga ei prioriteringsliste.

Administrasjonen ynskjer å leggja til rettes for ei synfaring i forkant av møte i mars.