POSTEN i Fitjar – lokalsoge på sitt beste

Tidlegare ordførar i Fitjar, Peder Nilsen Aga, var også roande postbod ut frå Koløyholmen.  Her med postveska på ryggen, på framsidebiletet.

«Det er mange som har  spurt kvifor eg starta dette prosjektet. Å gi eit  godt svar på det, er vanskeleg. Eg er sterkt historieinteressert. Posten har fasinert meg frå  tidleg av, og eg fatta tidleg stor interesse for postkort og stempel frå bygda og nabokommunane, samt at det var eit lokalt postkontor i nærleiken.  Eg har ikkje noko betre forklaring.»

Sitatet er henta frå Ingmund Bjordal sitt føreord til det lokalhistoriske storverket, boka «POSTEN i Fitjar, med undertittel: «Posthistorie frå Fitjar, nære poststader i Stord, Tysnes, Bømlo og Austevoll kommunar og posten på Osternes festning 1940-45.» 

Etter å har  lese og bledd, bledd og leste  og bledd endå meir i den 335 siders store boka i A4 format, skal Bjordal og medforfattar Magnar  Kloster vita at, «noko betre forklaring» ikkje trengst. Dei som har sikra seg boka er takksame for at  Bjordal har dyrka si særinteresse fram til eit produkt som fortel så mykje meir enn posten si soge. Her er det lokalsoge på detaljert høgt plan, kor informasjonen kjem frå dei beste kjelder; – frå samtalar med folk som sjølve har opplevd endringar i samfunnet – og postgangen. Ei omfattande samling postkort er med og byggjer under alle data, og viser korleis Fitjar og bygder i kring har utvikla seg.  Å lesa om dei mange båt-postruter i øyane, er beint fasinerande.

Bjordal og Kloster har motteke mange godord for  bok og storarbeidet som er gjort.  Det er vel fortent.

(I sal hjå Adams Frisør og på Hagleand)