Fortel kva som skjedde på Moster i 1024…

qrf

Vil du bli godt informert om kva som skjedde på Moster for 1000 år sidan, bør turen leggjast til biblioteket i Stord kulturhus torsdag 11. januar kl. 1800.  Der blir det presentasjon av Bjørn Sortland si nye bok  «Moster iz da thing». 

Frå plakaten som melder om ope for alle og fritt tilgjenge og høve til å kjøpa signert bok:

«2024 markerer tusen år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster. Boka «Moster iz da thing» skrive av Bjørn Sortland, er ei humoristisk og informativ bok som skildrar kva som skjedde på Moster i 1024. Johanne Tvedten frå Stord kyrkjeakademi vil halda ein samtale med forfattaren om prosessen rundt boka og kva innføringa av kristenretten har å seia for oss i dag»

Moster  24, Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek er arrangørar.