Går det med tynn veg?

Når stordront.no stiller spørsmål som i overskrifta her, er det for å visa kor lett det er å laga litevetta gøy med ord og tyding. Det var nemleg i ein av kommunane i regionen at det endeleg vart gjort vedtak om at ein viktig veg skulle utvidast og bli breiare. – Da må me alle gleda oss til, for den vegen me har no er veldig tynn, sa ein av brukarane. Det var ingen tvil om kva han meinte.

I Ola Høyland si bygdebok  anno 1972 finn me gode ordtak:

Da e best å smi medan jarnet er varmt.
Da e ingen so liten,  han ikkje må bøya seg og ingen so stor,  han ikkje må tøya seg
Fykande kråka får noko, sitjande inkje.
Av skade vert ein vis, men ikkje rik.
Ein krokut stav for døro, er betre enn ingjen.

Så nokre ord som alt for 50 år sidan var på veg ut av stordamålet.

Fantord = spit, krenkjande tale
Farlast = forlisa
Feta seg = gå steg for steg
Fisla = besa, sladra, vasa, logra
Fjamast = tynnast, visna, minska – helst om gras, hår og liknande