Reinskar flottørane for blåskjel

Her er det flottørane på nye-kaien til seilforeningen som bli reinska for blåskjel.  Ærfuglane jobbar i samla flokk. (Foto: Steinar Hystad)

Flytekaiar i Leirvik hamn har for tida eitt av sine årvisse besøkt av 30-40 ærfuglar av begge kjønn.  Dei må trivast i farvatnet, for mellom sine   kombinerte  sanke- og reinskeangrep på flottørane i båthamnene, sym dei rundt om kring medan  lyden av småpraten mellom fuglane rekk langt på land. Brått kan leiaren i flokken bestemma at no skal det dykkast, og heile gjengen stikk til botnars for matauk.  Dei kan dykka til 20-30 meter og vera under  mellom 6 og 78 sekundar.  Blåskjel står øvst på menyen, og eit evig spørsmål er: Korleis et ærfuglar desse skjela? Svar: – Blåskjela bli svelgde heile, og knuste når dei kjem i magen.