Ønskjeleg med park- og aktivitetsområde her

Den kommunale barnerepresentanten ser føre seg framtidig park- og aktivitetsområde på Ventekaien. (Foto: Steinar Hystad)

Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein ser som barnerepresentant i Stord kommune, fordeler for born og familiar ved flytting av bussterminalen frå  kaiområdet til nybygg på Bandadalsplassen. I kommentar til  terminalplanane som for tida er ute til høyring, skriv Agdestein:

«Leirvik sentrum er i dag lite tilrettelagt for barn og barnefamiliar. Byromstrategien for Leirvik  inneheld fleire tiltak som vil kunna føra til at fleire i alle aldersgrupper finn seg til rette  og i større grad tar sentrum i bruk.  Ein sentral føresetnad for dette er flytting av bussterminalen slik at det fine kaiområdet bli frigitt til park/aktivitetsområde. Etablering av ny kollektivterminal vil såleis vera ei viktig brikke i å utvikla sentrum til ein meir attraktiv og inkluderande møteplass.»

Vidare heiter det:

«Blågrøne strukturar er viktige for helse og trivsel. Leirvik har lite grøntareal. Planen bør difor leggja vekt på å ta vare på og utvida grøntarealet, anten på takarealet slik planen foreslår, eller på annan måte innan planområdet»