Matoma til Tysnesfest!

Den godhjarta superstjerna, verdsartisten Matoma kjem til Tysnesfest. Me feirar nytt år med ikkje mindre enn ein av dei største internasjonale stjernene innan dansemusikk. I kveld blir han hylla på «Hver gang vi møtes», og me veit at Tysnesfest-publikummet kjem til å hylle han når han står på scena til sommaren.

Sidan 2015 har Matoma sluppe ei røys med hittar, laga to album og samarbeida med artistar som Dua Lipa og Snoop Dogg. Til saman har låtane til artisten frå Flisa blitt strøyma meir enn svimlande 3 milliardar gonger.

Matoma utstråler ein uimotståeleg energi og positivitet. Det er fengande melodiar som får liv ein kvar fest, og du føler at alt er mogleg. Krydderet er vintage synther og varmen fra liveinstrumentasjon frå ekte musikarar.

Musikken er som mannen sjølv; den soniske ekvivalenten til det strålande, lukkelege smilet og hans konstante søken etter å finne måtar å ha ein positiv innvirkning på verda.

Det er berre å gle seg til sommarens lyse netter!

Øystein Vaage i Tysnesfest gleder seg over at Matoma er klar og seier følgande

– Matoma har vore hos oss to gonger før, og eg kan med handa på hjarta sei at han er ein av dei absolutt kjekkaste og mest jordnære artistane me har hatt på besøk! I tillegg til å vere eit unikt bra menneske er han og ein artist som skaper enorm stemning på konsertane sine, og me kan lova eit heftig show når han avslutter Tysnesfest