92 317 sykkelpasseringar i fjor

Sykkelteljaren ønskjer velkomen til Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

Samarbeidsprosjektet  «Sykkelbyen Stord» , med Statens Vegvesen, Hordaland fylkeskommune og Stord kommune som partnerar, er for lengst formelt avslutta.  Teljeapparatet står framleis att som eit fysisk minne ved  Politi- og Veghuset på Vabakkjen. Og det virkar.

Ved 12-tida 31. desember 2023 viste den digitale skjermen at 4 syklar hadde passert så lang siste dagen i fjor, medan det i løpet av heile  året 2023 hadde passert 92 317 syklar. 

Det gjev ein «årsdøgertrafikk»  på 252 syklar om me dividerer på 365 dagar.  Tek me vekk helge- og heilagdagar  og deler på 250  virkedagar, blir «årsdøgertrafikken» 369 syklar.  

Teljaren tel den pedaltrøande trafikken begge vegar , og sidan det er mykje sykling til skule og jobb med retur, må vel dette takast omsyn til for å få fram den reelle bruken av  sykkel  gjennom Vabakkjen?