Venelaget spanderer på siste opningsdagen

I dag, fredag 15. desember er siste ordinære opningsdag for kafèen i Hagerupshuset. (Foto: Steinar Hystad)

15. desember 2023 blir ein ny merkedag i den lange soga for  Hagerupshuset, plassert i hjarta av Leirvik.  Frå denne dag  har det driftige venelaget for drift av huset, sagt opp avtalen med kommunen. Framover blir kommunen sjølv «ansvarleg instans»  for bruk og dagleg drift, men det blir lagt opp til at dei som har vore faste brukarar framleis skal ha tilhald  med treff og arbeidsstunder i  stover og kafelokale.

Vedtaket om kommunale overtaking vart teke i kommunestyret no i haust.

– Kom innom fredag, me markerer siste kafè-dag med «heimebakte» kaker og kaffi. Huset og venelaget spanderer, fortel  Gunhild Oma når stordront.no er innom og sikrar seg ei herleg pannekake med herleg syltetøy på nest siste opningsdagen.