God helg – med dryla eller drøla?

Me startar helgeønskjet til tredje søndag i advent med ei  helsing frå lesar på Huglo:

«Ein liten kommentar til DRYLA som er henta fra Ola Høyland si samling i Stordront 8. desember, der de skriv  DRYLA = somla tida bort.

Er det rett at det vert skrive med Y i boka frå 1972 ? Her i vårt område er det vel brukt Ø, altså DRØLA,  om det å ikkje forhasta seg. (somla tida bort). DRYLA er vel heller brukt om å slå til noko, nokon, eller spenna til noko? DRYLA er jo blitt eit «løye» ord som har blitt referert i VG når Erling Braut Håland har «DRYLT» til ballen, altså sparka ballen. Håland bruka jo ordet i dagligtale med Y, og slik har me her på Huglo og brukt ordet dryla.

Ellers mye interessant å lese på stordront, som ingen andre får med seg. BRA !!»

– Takk for gode ord,  Jo, dryla var skrivemåten for 51 år sidan.

Nokre ordtak frå Høyland-samling  i  Bygdeboka anno -72

  • Låne’ ska’ komma leande att (gje det attende i rik mon)
  • Gå i fetlingane (sagt om ein som heftar seg alt for mykje med småting
  • Da e’ botn om han e’ longt nere
  • Da går aur og saur (sagt om dei som berre driv på utan å sjå seg føre eller tenkja seg om)
  • Da e’ kje røyk utan eld.

Så nokre ord  som alt for 50 år sidan var på veg ut av stordamålet:

  • Drøsa = prata, snakka
  • Døyva =dampa ullgarn , vinna over ein annan mann
  • Egg =skarp kant (slipa ljåen til eggjar)
  • Eggja = øsa opp
  • Egna = har agn på snøreongelen