– Greitt å strø eigen sand på kommunal grunn 

Sjølv med mildver og regn, har ikkje all fortausis  sluppe taket – fredag morgon. (Foto: Steinar Hystad)

Framleis nokre glatte punkt  etter snødetten tidlegare i månaden og i den samanhengen dukka dette diskusjonstemaet opp rundt eit kafekaffibord:-  Sett at det har laga seg til med is på offentleg gangveg eller fortau, og at denne blir liggjande til aukande irritasjon:  Er det då ok at ein tek eigen sand i eigne hender og strør på offentleg grunn? 

Det rette svaret får stordront hjå Anne Randi Naurstad, vegmyndet i kommunen:

– Driftsavdelinga på veg har vore ute å strødd på kommunale vegar samt fortau/gangvegar heile denne veka. Dei vil fortsette med dette så lenge det er behov. Viss det er stader som likevel er glatte, så kan ein m.a. melda  frå til oss på kommunen si nettside:  Vegvedlikehald – Stord kommune

– Stord kommune har plassert ut sandkasser på utsette stader langs kommunale vegar som av erfaring kan være utfordrande med omsyn til is. Strøkassane, er tilgjengeleg for innbyggarane slik at dei skal kunne strø sjølv i tillegg til det kommunen gjer. Viss ein vil nytta eigen sand til å strø, er det sjølvsagt greitt.