Ikkje søknadsplikt for PR-banner

Treng ikkje søkja for å henga opp mellombles banner på brua. (Foto: Steinar Hystad)

Plakatar og større banner som tipsar om føreståande arrangement eller gitarmål, har i menge år våre eit vanleg syn på gangbrua over Vikabrekko ved Leirvik skule. Må det søkast om å henga opp slike PR-banner? Det spørsmålet sende eit songgruppe nyleg til den kommunale eininga for regulering, byggesak og oppmåling (RBO). Gruppa fekk hyggjeleg svar i retur:

«Me vurderer at mellombels oppheng av reklame-banner ikkje er søknadspliktig etter plan og bygningslova. Tiltaket treng såleis ikkje særskilt løyve frå RBO.»

Reint namnemessig merkar stordront.no seg med interesse at gangbrua i det offisielle brevet frå RBO er omtalt som «skulebrua». Skal overgangen først få sitt offisielle namn, bør vel også Vikabrua/Vikjobruo vera med i tevlinga?