«Turvegnissane» på plass!

– Nissar  helsar turfolket langs Ådlandsvatnet i år også. (Foto: Steinar Hystad)

Ein liten tvil melde i skrivestova når stordront.no på denne dag vil takka dei som også denne førjula har sett ut  nissar langs turvegen langs Ådlandsvatnet. Tvilen vår gjeld kva namn som blir det mest korrekte å bruka på dei fantasirike figurane.  Ådlandsvatnet-nisse, Turvegnisse, Rasteplassbord-nisse, Stuva-nisse. Eller Stuvikjo-nisse, sidan det er ei dette området dei grønkledde er å sjå? Her er det berre å velja?

– Uansett kva namnet blir, blir det her sendt dei beste takk-for-synet-helsingar og ønskjer om god jul til nisseskaparane.